Folkedanslaget - BUL i Nidaros. Laget har medlemmar i ulik alder, med ulike dansebehov og frå ulike delar av landet. Arrangementa til laget dekkar til dømes behova for deg som:
- er nysgjerrig på kva norsk folkedans er
- har dansa litt reinlender frå før
- allereie har hjartet og begge føtne i den tradisjonelle dansen.
- lenge har tenkt på å lære deg Rørospols for å kunne svinge seg på dansearenaer som Rørosmartnan
Du kan velge å kome på enkelttilstelningar, eller bli fast medlem og få fri tilgang på heile programmet (med nokre unntak).
Øvingane, kursa og dansekveldane i Trondheim tek utgangspunkt både i dei ressursane ein finn blandt fastbuande, og eksterne instruktørar som susar innom byen. Dette gjev eit variert program med både faste postar og overraskingar. Fellesnemnaren både for instruktørane og programmet er den genuine interessen for å skape bra dans og gode danseopplevingar. Nokre døme på kva me tilbyr:
- nybyrjarkurs i Rørospols
- festkveld med internasjonale dansestudentar
- dans på BUL-hytta
- songdans
- kurs med fokus på danseteknikk
- helgekurs med spesialinnleide instruktørar
- kveldskurs i dansar frå ulike område i landet (til dømes Nord-Norge, Møre og Romsdal, Gudbrandsdal, Folldal, Valdres, Hallingdal og Trysil)
- dansefestar med lynkurs og fridans. Solistar eller spelemannslaga i byen syter for levande musikk. Sleke kveldar er sjølvsagt ledsaga av kaffi, kakar og småsnackst!
- SmåFolk, dans for barn mellom 6-10 år i oddetalsveker.
- FamilieFolk, dans for barn med voksne for barn mellom 3-7. år i oddetalsveker.
- Veterandans - dans med fokus på songdans og turdans.