08/03/2026
🍋🥜PISTASJE- OG SITRONSNURRAR🥜🍋
Har du lyst til å teste ut en ny vri på gjærbakst? Da må du prøve denne oppskrifta på spennande snurrar fylt med smakfullt fyll av pistasjenøtter og frisk sitron!😋 Dette er ein av våre favorittar, og spesielt svoger og grandonkel kan ikkje få nok av dei. Kanskje blir det din favoritt også?🥰
Ingrediensar:
Deig:
14 dl kveitemjøl
1 dl sukker
2 ts kardemomme
0,5 ts salt
50 g gjær
5 dl mjølk
125 g smør
Fyll:
75 g usalta pistasjenøtter, hakka
1-2 stk økologisk sitron, finriven skal (kun det gule)
0,75 dl brunt sukker
125 g mjukt smør
Topping:
1 egg til pensling
Perlesukker og grovhakka pistasjenøtter
Framgongsmåte:
1. Bland dei tørre ingrediensane saman i ein bakebolle. Hold igjen litt av mjølet. Tilsett fingervarm væske. Dersom du nyttar ferskgjær, kan du smuldre den opp i bakebollen, så gjer kjøkkenmaskina resten. Elt deigen i ca. 10 minutter. Juster evnt. med mjølet undervegs.
2. Del smøret i terningar og ha det opp i bakebollen. Elt smøret inn til deigen blir smidig og har ei blank overflate (ca. 10 minutter). Sett den til heving, tildekka, på ein lun plass i ca. 45 minutter til den er dobbel i størrelse.
3. Rør mjukt smør, pistasjenøtter, sitronskal og brunt sukker saman.
4. Kjevle deigen til eit rektangel på ca. 60 x 30 cm. Smør fyllet på halve delen av rektangelet. Brett den andre halvdelen over og skjær på langs ca. 2 cm lange remser.
5. Del remsene på langs, men la dei henge saman øvst, som eit par bukser. Vri dei og lag ein laus knute.
6. Sett snurrane til etterheving, tildekka, i ca. 60 minuttar til deigen har heva seg godt.
7. Pensle snurrane med egg, dryss over perlesukker og grovhakka pistasjenøtter, og steik dei i omnen på 225 grader i ca. 10-12 minuttar. Avkjøl bollane på rist.
Set deg ned, slapp av og nyt ein nysteikt bolle! 🤎
Del gjerne dine eigne versjonar og erfaringar i kommentarene!