21/08/2026
Hausten 2026 og litt om vinteren 2027🍄😊
I haust har vi ope kvar dag fram til søndag den 20. september.
Fredagskveldar i haust har vi ein liten buffet med rummegraut, spekemat, eggerøre og potetsalat, samt steikt fjellaure. Dessertbord. Laurdagkveldar har vi middagsbuffet med koldtbord, 5-6 varmrettar og dessertbord. Frå søndag kveld til og med torsdag kveld har vi ein treretters meny. Denne bestemmer vi frå veke til veke. Det er fint om du bestiller bord på førehand.
Vi serverer tallerkenrettar frå à la carte menyen kvar dag frå klokka 13.30-20.30, men fredagar er det til klokka 18.00 og laurdagar er det til klokka 16.00. Søndag den 20. september har vi ikkje middagsservering.
Laurdag den 19. september har vi ei bordsetning klokka 18.00 og ei klokka 19.30. Thomas Bakke Band i peisstugu frå klokka 21.00-01.00. Vi tek i mot bestilling på overnatting kun på heil helg. Bestille gjer du på [email protected]
Vi opnar att for skisesongen 10. februar 2027. Da har vi ope kva dag til godt over påske. Utover våren har vi ope helger og langhelger fram til søndag den 9. mai. Vinterfest laurdag 20. februar med Thomas Bakke Band⛷️🥳
Velkomne til fjells!🍁😊