08/04/2026
Eit kapittel rundast av – og eit nytt tek til 🌿
1.mai avsluttar eg, Elin, rolla mi som dagleg leiar på Groven Camping & Hyttegrend, og Johanne tek over stafettpinnen 🫶
Johanne er langt frå ny på Groven – ho har vore ein del av staben i mange år, og kjenner både drift, området og ikkje minst mange av dykk gjester godt. Eg er trygg på at Groven er i gode hender vidare.
Odd Arne vil framleis vere med i drifta og halde stødig kontroll på uteområdet – slik mange kjenner han👨🔧🚜
For min del ventar nye eventyr, men eg blir nok å sjå innom frå tid til anna – enten i resepsjonen, på kjøkkenet eller som gjest.
Eg vil nytte anledninga til å takke alle som har vore med på å gjere desse åra som vertskap så fine!
Nye bekjentskap, heiarop, samarbeid og gode samtalar – det har betydd meir enn de trur❤️
Det har vore 7 innhaldsrike år med bratt læringskurve, oppturar, latter og glede, spennande prosjekt og utvikling. Samstundes har det også vore lange arbeidsdagar, bekymringar og dagar med både sveitte, slit og litt tårer – akkurat slik det skal vere når ein brenn for noko. Ei erfaring eg aldri ville vore forutan. Men alt til si tid🫶
Eg heiar på Johanne, og gler meg til å sjå korleis ho vil forme Groven vidare 🌿 Og eg håpar de tek godt imot ho – og har litt ekstra forståing i hennar fyrste sesong som dagleg leiar👏
Tusen takk for meg!