Anleggsgartnar Jan Erik Sandal

Anleggsgartnar Jan Erik Sandal Anleggsgartnar Jan Erik Sandal AS er eit firma med arbeidsområde i heile Møre og Romsdal og Nordfj Vår spesialitet: Steinarbeid

Kundane våre er:

Offentlege etatar
Bedrifter
Private

Vi utfører mange typar arbeid som omhandlar både utanomhusområde og innandørsarbeid. For meir detaljert info, besøl vår heimeside på www.jesandal.no

Vi har eigen maskinpark for alle typer oppdrag som er nemnde ovanfor. Det geografiske arbeidsområdet vårt er heile Møre og Romsdal og Nordfjord, og det hender også at vi tek oppdrag utanfor dette

distriktet. AnleggsgartnarJan Erik SandalAS er medlem i NAML (Norske Anleggsgartnere) som er ein organisasjon for næringsdrivande innanfor den grøne sektor.

31/07/2026

Drifta i Anleggsgartnar Jan Erik Sandal er ikkje påverka av dette. Drifta her fortsett som vanleg.

PRESSEMELDING
Modena Sandal Steinsenter avviklar drifta etter 15 år i Furene. Styret i Sandal Steinsenter AS har vedteke å gjennomføre ei styrt avvikling av butikken. Etter mange år med stabil omsetning og positive resultat har dei siste åra vore krevjande og drifta har jamnt over enda med underskot.
Bakgrunnen for utviklinga er vanskeleg å fastslå sikkert. Men ein medverkande faktor er nok at konkurransen i marknaden har auka betydeleg, særleg frå større kjedebutikkar som har etablert seg i regionen. I tillegg har høge renter og mindre byggeaktivitet gjerne gitt generelt lavare kjøpelyst blant kundane.
Trass i ulike tiltak for å styrkje drifta og tilpasse verksemda til marknadsutviklinga, har selskapet ikkje lukkast med å oppnå økonomisk grunnlag for vidare drift.
Dette er ei tung avgjerd etter mange år med lokal verksemd og godt samarbeid med kundar og leverandørar.
Selskapet vil no arbeide for ei ordna og ansvarleg avvikling utover seinsommaren og hausten 2026. Dette får ingen konsekvensar for drifta i søsterselskapet Anleggsgartnar Jan Erik Sandal

Adresse

Morkafura 8
Volda
6105

Åpningstider

Mandag 08:00 - 15:30
Tirsdag 08:00 - 15:30
Onsdag 08:00 - 15:30
Torsdag 08:00 - 15:30
Fredag 08:00 - 15:30

Telefon

+4770073550

Varslinger

Vær den første som vet og la oss sende deg en e-post når Anleggsgartnar Jan Erik Sandal legger inn nyheter og kampanjer. Din e-postadresse vil ikke bli brukt til noe annet formål, og du kan når som helst melde deg av.

Kontakt Bedriften

Send en melding til Anleggsgartnar Jan Erik Sandal:

Snarveier

Del