13/10/2026
Arbeidet med den nye kaia for Giske kommune går stadig framover, og no byrjar ein verkeleg å sjå resultatet i Gjøsund Hamn. No er vi klar til å støype dekket👷
Den nye fiskerikaia skal gi området betre kapasitet i kommunen og regionen, og leggje til rette for vidare aktivitet i Gjøsundet.
Frå lufta får vi verkeleg eit inntrykk av dimensjonane på arbeidet!
PS: Ser du kaianlegget bak? Det er betongpiren og ro-ro-kaia vi bygde for Subsea7 i 2007-2008🌊
📸 Maciej Czarniak