11/06/2026
❤️ Velkomen til Helgatun, Ann Kristin Åkerlund Riise og Lounes Riise!
Me gler oss til å få dykk med på laget frå 1. september og ser fram til alt det gode de vil bidra med inn i fellesskapet på Helgatun. 🌿
Les meir i innlegget frå IMS 👇
Det er ei stor glede å få presentera Ann Kristin Åkerlund Riise som ny dagleg leiar på Helgatun frå 1. september 😊
Ann Kristin har erfaring som leiar i ulike samanhengar, no sist i oppstarten av Hannas Hus i Bergen. Ho har også leia frivillege i Salt Bergen, vore butikksjef og har erfaring frå arbeid i Dyranut Fjellstove, for å nemna noko.
Mannen Lounes blir driftsmedarbeidar på Helgatun. Joanna Jacuk, som har arbeidd på Helgatun i mange år, blir ny nestleiar.
Lounes er vernepleiar og miljøterapeut. Han har tidlegare også arbeidd på kjøkken på hotell.
- Me gler oss til å ta fatt på oppgåva med å leia Helgatun vidare, bli kjent med historia og bera Helgatun sin visjon vidare, seier dei, samtidig som me også håpar me kan koma med noko nytt som kan tilføra noko ekstra.
I dag bur Ann Kristin og Lounes på Osterøy, men dei har lenge drøymt om å flytta til Voss, der Lounes er oppvaksen.
- Me er glade i fjellet, menneske og gler oss stort over å få vera med å skapa ein varm stad som er eit lys i verda med så mykje stress og prestasjon. Me trur at saman med dei fine og erfarne folka på Helgatun, kan me saman skapa ein berekraftig og god stad som kan bli driven i mange år framover. Takk for at de gir oss denne sjansen!
Me ynskjer Ann Kristin og Lounes varmt velkomne til IMS og Helgatun. Lukke til med viktig og spennande teneste. Me gler oss til å bli betre kjent ❤️